Vanlige spørsmål

FAQ – Ofte stilte spørsmål om nye Internett- og TV-tenester frå Nettstar

Generelt om omlegginga

Nettstar legg om til lokalt eigenproduserte Internett-tenester.
Det betyr at vi tek meir kontroll sjølve – til din fordel.

Dette gir deg:

  • raskare opplevd Internett (lågare latenstid)
  • meir stabil drift
  • betre totalverdi som kunde

Kort sagt: Dette er ei investering i kvalitet – og i deg som kunde.

Omlegginga skjer trinnvis i løpet av kort tid.
Du får SMS-varsel dagen før endringa gjeld for di adresse.

Som hovudregel: Nei
Vi tilrår likevel at du:

  • noterer og tek vare på Wi-Fi-namn (SSID)
  • lagrar Wi-Fi-passordet ditt

Dette kan vere nyttig ved nytt utstyr, feilsøking eller seinare endringar.

Internett – tekniske spørsmål

Ja – i praktisk bruk.
Når tenestene blir produserte lokalt, får du lågare latenstid.

Det betyr at:

  • nettsider opnar seg raskare
  • strøyming startar raskare
  • videomøte blir meir stabile
  • digitale tenester kjennest meir responsive

Internett som kjennest raskare – heile tida.

Nei. Den avtalte hastigheita di blir vidareført.
Forbetringa ligg i respons, stabilitet og kvalitet.

Eksisterende ruter kan brukes – ikkje bruk factory reset.
Dersom det skulle vere behov for endring eller oppgradering, tek Nettstar kontakt med deg.

Nei.
Vi tilrår likevel å notere dette for framtidig bruk.

Eventuell nedetid vil vere:

  • kortvarig
  • varsla på førehand

Mange kundar vil ikkje merke omlegginga i det heile.

Dersom Internettet ikkje verkar etter omlegginga

  • Start ruteren på nytt
  • Sjekk straum og kablar
  • Kontroller at rett Wi-Fi (SSID) og passord blir brukt

Kundeservice
Opningstid:
Kvardagar kl. 08:00–16:00
I omleggingsfasen har vi utvida opningstid, og vi har også montørar ute i området for rask hjelp.

Her får du hjelp med Internett, TV og abonnement.

Døgnopen SMS-varsling ved tekniske feil
Ved tekniske feil utanom opningstid:
Send SMS til 1963

Meldinga skrivast slik:
Nettstar <mellomrom> <adresse> <kort skildring av feilen>

Døme:
Nettstar <mellomrom> Sjøvegen 12 internett nede

Sjølvbetening og «Mi side»

Internett
«Mi side» for Internett blir ikkje vidareført.
Dette gir enklare drift og raskare, meir personleg kundeservice.

TV
Har du TV, vil du framleis ha tilgang til Mine sider.

Faktura og abonnement

  • Du blir fakturert direkte frå Nettstar
  • Eksisterande betalingsmåte blir vidareført
  • Eventuelle endringar blir varsla i tråd med gjeldande regelverk

Bindingstid betyr at du har forplikta deg til å behalde abonnementet i ein avtalt minimumsperiode. Det kan koste ekstra å seie opp før denne perioden er over.

Ja, i visse tilfelle.
For fritidsbustader kan internett-abonnement med binding frysast ein gong per år i inntil 3 månader. Vel du abonnement uten binding kan du seie opp abonnementet ved å sende epost til: fiber@nettstar.no. Oppseiingstida er: inneverande månad + 1 månad. Ny oppstart av abonnement koster kr. 690,-.
Ta kontakt med kundeservice for hjelp.

Nei. Pris på abonnement med binding er den samme som før. Du kan nå selv velge abonnement med og uten binding.
Målet vårt er å gi deg meir verdi for pengane gjennom:

  • høgare kvalitet
  • meir stabile tenester
  • ei enklare TV-løysing

Eventuelle prisendringar blir varsla tydeleg og i samsvar med regelverket.

Tryggleik og ansvar

Ja. Den nye løysinga er bygd for:

  • høg driftstryggleik
  • stabil yting
  • framtidige digitale behov

Nettstar tek fullt ansvar for overgangen og følgjer saka heilt til ho er løyst.

Kvifor gjer Nettstar dette?

Vi gjer dette for å:

  • levere betre kvalitet
  • gi raskare og meir responsive tenester
  • forenkle TV-kvardagen
  • styrkje Nettstar som ein lokal og profesjonell leverandør

Dette er ei investering i langsiktig kvalitet og kundeverdi.